Rv. 5 Kjøsnesfjorden, skredsikring
Rv. 5 langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred. Ny tunnel opna november -22.
Den 8,5 km lange Kjøsnestunnelen opna i november 2022. Tunnelen skredsikrar strekninga som stod att mellom Stølsnestunnelen og Kjøsnes. Det er gjort sikringstiltak mot skred i fleire omgangar langs Kjøsnesfjorden, i eit terreng som er svært sidebratt med fleire skredløp nedetter fjellsida. Den nye, lange tunnelen løyser skredproblema ein gong for alle.
Riksveg 5 går gjennom Kjøsnesfjorden, ein sidearm til Jølstravatnet, og er ein viktig del av aust-vest sambandet for Sogn og Fjordane med tilknyting til korridoren Oslo-Bergen.
Eksisterande vegtrase langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred. Terrenget er veldig bratt, med fleire skredløp nedetter fjellsida. Det er gjort sikringstiltak mot skred i fleire omgangar opp gjennom tida, men framleis er enkelte parti utsett for ras og stenging av vegen på grunn av rasfare.
Prosjektet skredsikring av rv.5 Kjøsnesfjorden er ei vidareføring av tidlegare arbeid, og skredsikringstiltaket vil vere ein tunnel på om lag 6,5 km forbi det skredutsette området.
Tunnelen skal byggast som ei forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes, og samla lengd blir 8,4 km. "Gamlevegen" langs vatnet blir gang- og sykkelveg tilknytt riksvegnettet.
- Vei:
- Rv. 5
- Fase:
- Åpnet
- Kommuner:
- Sunnfjord
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 6500 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2018-2029
- Totalkostnad:
- 1,06 milliarder. Anslag frå november 2015
- Oppstart:
- 2019
- Antatt åpnet:
- 2022
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
- E39 Lavik-Skei