Første tunnelsalva i Kjøsnesfjorden
Drivinga av den 2,6 km lange Støylsnestunnelen er i gang.
Torsdag 7.februar fekk Ola Søgnesand,leiarfor aksjonsgruppa, æra av å sprenge første tunnelsalva i Kjøsnesfjorden.Nokre steinarfrå salva tok ei anna retning nær 90 grad ut fråtunnelpåhogget, og fekk ei større kraft enn venta. Dettemedførte nokremindre materielle skader. – Av erfaring veit vi at det kanvera farlegmed slikesprengingarfør vi erkomeninn i fjellet.Diforgjekk viikkjeut mednokoannonsering til publikum på førehand. Etter forespørsel inviterte vi berre media og gjekk gjennomtryggingsrutinanemeddeipå førehand, seierprosjektleiarOdd Erik Haugen. Han er glad ingen vart skada i sprengingsuhellet. Den nye 2,6 km lange Støylsnestunnelen vileliminera fleire rasløpsom har ført tilstengingarog ulukker. Etternokoseinking i arbeidet med å flyttelausmassarernoprosjektet på skinner att. - Vi erinnanforramma, ogreknarmed å ta inn det tapte slik at tunnelen kanopnastsom planlagt hausten 2009, opplyser Haugen.