Halve tunnelen er driven i Kjøsnesfjorden
Statens vegvesen sitt utbyggingsprosjekt i Kjøsnesfjorden er i rute og denne veka vert ein milepæl passert. Halve tunnelen vil då vere sprengd ut.
På austsida, der det først vart starta opp, er det drive om lag 900 meter inn i fjellet.Medandet på vestsida er drive om lag 400 meter. Totallengda på tunnelen vert drøye 2,6 km. Arbeidet går som planlagd ogprosjektleiar, OddErik Haugen,rapporterarom at alt er i rute, både i forhold til tid og økonomi. Mesteparten avtunnelmassanevert brukt til å lage firerasvollar. To er ferdige og arbeidet meddeito siste er godt i gang. Det er planlagd gjennomslag før jul.
Aktuelt for fylke(r):
Vestland