Statsråd Navarsete grov i gang rassikringsprosjektet i Kjøsnesfjorden
- Dette var jamen moro, utbraut statsråd Navarsete, som etter ei lita stund med intens konsentrasjon fann løyndomen bak spakane i graveskina.
Gledesstrålande og stolt svinga ho skuffa med det første jafset av det som om eit par år skal bli ein trygg veg, og eliminere ei rasutsett vegstrekning.
- Uansett kor det regnar er dette ein solskinsdag, sa statsråd Liv Signe Navrsete då ho helsa dei som var møtt fram til markeringa av anleggstarten av rassikringsprosjektet rv.5 Hammargrovi-Stølsneset i Kjøsnesfjorden fredag 17. august. Dette er eit prosjekt som statsråden har følgt lenge, og ho hadde difor ei utruleg god kjensle å få vera med her i dag og realisere det som ein tidlegare har vore med og lova. Statsråden rosa elles den store lokale innsatsen som har vore gjort for å få fram prosjektet. - Eg veit at det står mange andre viktige prosjekt og ventar, men i dag konsentrerer vi oss om Kjøsnesfjorden og gler oss over det som no skje skje her, sa statsråd Navarsete, som elles forsikra om at rassikring er eit prioritert område for regjeringa.
Viktig med tryggleik
Det er eit vanskeleg og krevjande arbeid som i tida framover ventar både byggherren Statens vegvesen, og hovudentreprenøren Mika AS. Statsråden ynskte begge aktørane lukke til med arbeidet, og streka under kor viktig det er at tryggleiken blir sett i høgsetet og prioritert. - Kravet er at arbeidet skal vera trygt, at tunnelen skal vera trygg å køyra, og stå seg for framtida, sa statsråden og let det skina gjennom at ho ikkje ville ha fleire Hanekleivtunnelar.
Burde vore oftare stengt
Fungerande regionvegsjef Signe Eikenes streka på si side under at dette er eit symbolprosjekt som det er viktig å få til. Rv 5 ein viktig stamveg, og det har difor vore fukus på at vegen må haldast open. - I dag må vi seie at vi kanskje burde stengt vegen oftare, sa regionvegsfen og såg fram til at vegen no skal bli trygg.
Ei god og forsvarleg løysing
Prosjektleiar Odd Erik Haugen orienterte om anlegget og om planlegginga. Han slo fast at detaljplanfasen har vore svært viktig og avgjerande for dette prosjektet. Grunnboringane synte at det nærast ville vera umogleg å gjennomføre dei første planane for rassikring som gjekk på sikring av dei mest rasutsette partia. Haugen var svært nøgd med at dette vart avdekka i detaljplanfasen, og at Vegvesenet fekk lov til å planleggeje ein lenger tunnel enn først tenkt.
- Resultatet er at vi no byggjer ei god og forsvarleg løysing. sa Haugen.
Ferdig hausten 2009
Gravearbeidet som statsråden sette i gang vil no halda fram med fleire maskiner. Store mangder lausmassar skal fjernast, og Haugen reknar med at det går to månader før ein er nede på fjellet, og kan ta til med tunneldrivinga. Då har ein grave seg 14 meter ned.