Steinar Amundsen
- E-post:
Kommuner:
Sogndal
Statens vegvesen er i gang med planlegging av ny veg frå Loftesnes til Kaupanger.
Kommunedelplan rv. 5 Loftesnes–Kaupanger er eit planprosjekt som skal avklare trase og standard for framtidig riksveg på strekninga.
Sogndal kommune vedtok planprogram for ny rv. 5 Loftesnes-Kaupanger.
Prosjektet fekk krav om å søkja om kostnadsestimat før planen kunne sendast inn til kommunen for vidare behandling. Dette kostnadsestimatet skal godkjennast av samferdselsdepartementet.
Å bygge ei rundkøyring på Loftesnes kan redusere arealinngrep og behov for erverv, samt å redusera kostnad og klimaavtrykk i prosjektet. Det vil også redusere farten i krysset, og med det auka trafikktryggleiken. Prosjektet har fått godkjent fråvik til å planlegge rundkøyring.
Dei mest aktuelle løysingane er ny tunnel frå Loftesnes/Hagalandet opp mot Valeberg/Vestreim. Vidare forbi Kaupanger kan det vere aktuelt å leggje riksvegen bak industrifeltet.
Ny veg ligg ikkje inne i Nasjonal Transportplan, men vi har starta eit planarbeid for å få avgrensa kva areal på Loftesnes/Hagalandet og Kaupanger som må bandleggjast til ein framtidig veg.