Varsel om oppstart av planarbeid rv. 5 kryss Sjukehusvegen–nedre Eri i Lærdal kommune
Statens vegvesen skal i samarbeid med Lærdal kommune lage detaljreguleringsplan for nemnde prosjekt. Vi ber om innspel til arbeidet, frist 13.09.2024.
Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Prosjektet planlegg for å utbetre krysset til Lærdal sjukehus og utvide eksisterande veg sørover til nedre Eri for å etablere forsterka midtoppmerking på strekninga. Forsterka midtoppmerking har synt seg å vere eit effektivt og rimeleg tiltak mot møteulykker.
Med dette varslar vi oppstart av planarbeid i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.
Planområdet
Planområdet startar i utkanten av Lærdal sentrum og strekker seg vidare sørover riksveg 5 til nedre Eri der prosjektet overlappar tidlegare breiddeutvidingsprosjekt rv 5 nedre Eri - Håbakken. Planområdet er om lag 195 daa stort og omfattar eksisterande veg, jordbruksareal og elvekant langs Lærdalselva. Eksisterande vegbreidd varierer innanfor planområdet og er om lag 6,5 meter.
Lenke til kartskisse planområde og eksisterande eigedomsgrense:
Skildring av prosjektet
Prosjektet skal planlegge for etablering av venstresvingefelt for avkøyringa til Sjukehusvegen samt utbetring av kollektivhaldeplassane i området. Prosjektet planlegg for etablering av forsterka midtoppmerking og ei ny vegbreidd på 8,5 meter. Tiltaket vil difor medføre naudsynt langsgåande utviding av eksisterande veg med om lag 2 meter mot vest (fjellsida) over om lag 2 km, i tillegg kjem rekkverksrom og grøfter. Avkøyringstilhøva i området vil også bli vurderte.
Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger».
Innspel
Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 13.09.2024. Desse sendast skriftleg til oss anten på e-post til eller som vanleg post til Statens vegvesen, Pb. 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER
Alle innspel, både e-postar og brev, må merkast med «23/225305»
Vil du treffe oss?
I samband ned varsla oppstart vil representantar for planprosjektet vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål og gje informasjon om prosjektet.
Stad: Lærdal rådhus, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Tid: Onsdag 4.september 2024 mellom 14:00-16:00
Påmelding til denne opne kontordagen sendast planleggingsleiar innan måndag 2.september 2024.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med:
- Prosjektleiar Oddvin Hov, tlf 95253141 eller e-post
- Planleggingsleiar Runa Aaland Eggum, tlf 95756106 eller e-post