Rv. 706 Nydalsbrua i Trondheim drog 12. november i land to prisar under IABSE Awards i Zürich.

Nydalsbrua gjekk heilt til topps i kategorien "små veg- og jernbanebruer", framfor konkurrentane frå Kina og Mexico. I tillegg vart den norske delegasjonen kalt opp på scena for å ta imot "Gold Star Award" - ein pris som heng over dei klassevise heidersteikna.

- Dette er heilt utruleg, og det er eit resultat av godt samarbeid mellom alle partar, seier byggeleiar Karl Gunnar Sødal i Statens vegvesen.

International Association for Bridge and Structural Engineering (IABSE) er ein vitskapleg/teknisk foreining som består av medlemmar i 100 land og tel 58 nasjonale grupper over heile verda. Stiftinga vart grunnlagt i 1929 og har sitt sete i Zürich, Sveits.

Gruppefoto prisutdeling. Karl Gunnar Sødal (f.v.) og Ove Nesje frå Statens vegvesen, Robert Størdal, Aas Jakobsen Trondheim (AAJT), Yngve Aarthun, Plan Arkitekter, Mons Egil Lien, Skanska, Vegard Harbak, Skanska, Ole Sondre Bondahl, Skanska, Andrés Brando, Freyssinet og Ola Garli, AAJT.
Karl Gunnar Sødal (f.v.) og Ove Nesje frå Statens vegvesen, Robert Størdal, Aas Jakobsen Trondheim (AAJT), Yngve Aarthun, Plan Arkitekter, Mons Egil Lien, Skanska, Vegard Harbak, Skanska, Ole Sondre Bondahl, Skanska, Andrés Brando, Freyssinet og Ola Garli, AAJT. Foto: Privat

Sødal var til stades i Zürich saman med prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen, og ein rekke representantar frå hovudentreprenør Skanska, konsulentar og dei som har stått for utforminga av brua: PLAN Arkitekter og Aas-Jakobsen Trondheim AS.

Tidlegare har Nydalsbrua også vunne "Betongtavlen" i 2023, og brua var nominert til årets anlegg 2024 utan å gå heilt til topps.

Dette seier dommarane:

"Denne særmerkte stagbrua med skrånande tårn og 112 meter langt hovudspenn strekkjer seg ut over Nidelva frå stupet på vestsida, der dei bakre staga er forankra direkte i fjellet. Den uvanlege løysinga er direkte inspirert av topografien, og resulterer i ein elegant og økonomisk brustruktur. Høystyrkebetong vart brukt i brudekket for å redusere vekta, og hovudspennet blei støpt på staden etter fritt-fram metoden".

Her kan du lese meir om IABSE og finalistane

Nydalsbrua vart bygd under leiing av Statens vegvesen, som ein del av Miljøpakken i Trondheim. Brua er ein hybrid mellom skråkabel og spennarmert bjelkebru. Skanska er hovudentreprenør på anlegget, og sjølv om Nydalsbrua opna for trafikk i fjor haust, har det pågått arbeid med å gjere ferdig gang- og sykkelveger samt sideareal utover i 2024.