Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen varslar oppstart av detaljregulering av rv. 9 ved Frøysnes i Bygland kommune.

Prosjektet er ein del av prosjektet «Rv. 9 gul midtstipe Kristiansand-Hovden». Rv. 9 Frøysnes er den seiste etappa på dette prosjektet. Dagens standard gjennom Frøysnes er dårleg, med varierande vegbreidde ned til under fem meter mellom kantstripane, ustabile vegkanter, manglande gul midtlinje og mykje kurvatur. Det er behov for å auke trafikktryggleiken og framkoma.

No varslar Statens vegvesen oppstart av detaljregulering av rv. 9 ved Frøysnes jamfør plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8.

Utbetre sikt og sideterreng

Strekninga utan gul midtline er på om lag 1,8 km. For å kunne utbetre sikt og muliggjere utbetring av sideterreng på tilstøytande veg, er planområdet noko utvida. I sør inneber dette at plangrensa er sett lik med verneområdet. Planområdet blir då totalt ca. 3,9 kilometer målt langs eksisterande veg. Planområdet er på ~510 daa. Trafikkmengde (årsdøgntrafikk-ÅDT) er på om lag 1600 i 2022 med ein tungtrafikkandel på 14 %.

Last ned

Framdrift og frist for merknader

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 13. desember 2023 anten på brev eller e-post til:

  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk brevet eller e-posten med «Rv. 9 Frøysnes, reguleringsplan».

Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta.

Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag i løpet sommar/haust 2024, og det er eit mål om at planen blir vedteken i løpet av 2024.

Opent informasjonsmøte

Det arrangerast opent informasjonsmøte om planarbeidet i kommunestyresalen i Bygland kommune torsdag 23. november kl. 17.30.

Ta gjerne kontakt

Spursmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Jon Olav Upsal på telefon 924 42 753 eller e-post

Aktuelt for fylke(r): Agder