Feira gjennomslag med kake
Nyleg var det gjennomslag i kabeltunnel.
Straumkablane som går over fjorden mellom Drotningsvik til Hjelteryggen skal leggas i tunneler i bakken og på fagverket på eksisterende Sotrabru for å gi plass til ny Sotrabru.
Sidan mai 2018 har arbeidet med å lage ein 1500 meter lang kabeltunnel gått føre seg. I november var det gjennomslag.
Fleksibel og fokusert
Det er Bertselsen og Garpestad i samarbeid med tsjekkiske Metrostav i et arbeidsfellesskap som har utført jobben.
Byggjeleiar i Statens vegvesen, Gunnar Gjæringen, har koordinert arbeidet med entreprenøren.
– Dette er ikkje vanleg byggjearbeid fordi dette er ein konsesjon, som krev godt samarbeid med BKK for å få dette til, seier han.
Ifølgje byggjeleiaren har samarbeidet med entreprenøren også vore ei positiv oppleving.
– Vi har hatt god dialog, og eg oppfattar at det har gått begge vegar. Dei er fleksibel og fokusert på å få ting til. Dei har gjerne komme med løysingar som vi har spart både tid og pengar på, fortel Gjæringen.
I 2020 vert kablane trekt gjennom tunnelene og på brua.