Fredag kveld gjekk første salve på den fjerde og siste vegtunnelen på Sotrasambandet.

Den 650 meter lange Knarrviktunnelen går mellom Valaskiftet og Arefjordpollen på Sotra. Knarrviktunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning. 

Dronefoto som viser Knarreviktunnelen ved forskjæringen på Valaskiftet (ca midt i bildet). I bakgrunnen ser vi dagens riksveg 555, og til venstre Sotra Link sine kontorer.
Dronefoto som viser Knarreviktunnelen ved forskjæringen på Valaskiftet (ca midt i bildet). I bakgrunnen ser vi dagens riksveg 555, og til venstre Sotra Link sine kontorer. Foto: Statens vegvesen

Gjennomslag i tunnelen er venta mot slutten av 2025. Massane frå tunneldrivinga blir frakta til Arefjordpollen og Storavatnet i Loddefjord. 

God framdrift

Sotra Link, som er hovudentreprenør i Noregs største veganlegg har god framdrift fram mot den planlagde opninga i juni 2027. Produksjonen på anlegget er stor, og totalt jobbar det kring 1000 personar i prosjektet.  I sum har dei jobba kring to millionar arbeidstimar. 

100 gravemaskiner er i sving ute og til no er det gjennomført over 4000 sprengingar, og det er mange som vert påverka av arbeidet. 

- Det er krevjande å bygge eit stort veganlegg tett inn på mange naboar og trafikk.  Vi er glad for at folk er tolmodige  med oss, og vi gjer det vi kan for å  løyse oppgåva på ein god måte, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen.

Prosjektdirektør i Sotra Link Construction Pedro Manuel Rodríguez Hernández er godt fornøgd med å være i gang med den siste tunnelen

- Vi gler oss over å ta fatt på den siste av vegtunnelane på Sotrasambandet. Vi er svært stolte av innsatsen og effektiviteten til det dyktige tunnellaget hos Sotra Link Construction, til tross for utfordrande tilhøve. 

Ordførar i Øygarden kommune Tom Georg Indrevik som har anleggsarbeidet rett utanfor kontoret sitt på rådhuset gler seg over framdrifta. 

- Det er no to år sidan vi markerte oppstarten og fyrte av den første salva for sambandet. Vi ser at det er stor aktivitet langs heile traseen, og eg opplever at det er god framdrift i prosjektet. Det er viktig at vi som trafikantar bidreg til at prosjektet får gode «arbeidsvilkår» og om mogleg unngår å køyra med privatbil på riksvegen i rushtida, seier ordføraren.

Kø av milepålar

Anleggsarbeidet starta 22. mars i  2023. To år seinare er mange milepålar oppnådde.  

Vi hadde gjennomslag i Kolltveittunnelen april 2024. Arbeid med  innreiing av tunnelen er godt i gang.

Brutårna på Nye Sotrabru har nådd 100 meter på begge sider av Vatlestraumen. Tårna vil stå ferdige i sommar, og arbeidet med å trekke kablane mellom dei to tårna startar i haust.

I Drotningsviktunnelen er vi komne rundt ein kilometer inn i den 1,9 kilometer lange tunnelen. 

Ny vegbru over Straumsundet er godt i gang og det vert no arbeidd med  peling for ny bru over Bildøystraumen. Dette arbeidet vil fortsette i 2025 og 2026.

Gjennomslag i Straumetunnelen

Gjennomslag i den 740 meter lange Straumetunnelen er venta etter påske.

Tre fjerdedelar av utfyllinga i Storavatnet er utført . Dette området skal bli nytt grøntanlegg, og blir etablert etter at Bergen kommune når Sotrasambandet har opna.

Over 60 andre konstruksjonar er og del prosjektet, inkludert vegbruer, gang- og sykkelbruer, kulvertar og støttemurar.

Det vert og bygd 14 kilometer med gang- og sykkelveg. Driving av  to av dei  tre gang- og sykkeltunnelar på traseen er godt gang . I tillegg går det føre seg arbeid med fleire av gang- og sykkelbruene som skal krysse den over nye riksvegen.  

Kontaktperson for media:

Lene Sælen Rivenes
Prosjektsjef Statens vegvesen
Mobil: 932 27 521 

Aktuelt for fylke(r): Vestland