Markerte første spadetak for Rv. 555 Sotrasambandet med eit skikkeleg smell
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fekk «smella til» då han tok det første offisielle spadetaket for OPS-prosjektet.
![OFFISIELT STARTA: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, vår egen Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik, Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik og Bergen-ordførar Linn Kristin Engø var alle tilstade for å markere byggestart.](/contentassets/181f4382e5de40118d7a1bc63e248de5/img_4343.jpg?width=936&height=520&mode=crop)
– Sotrasambandet er eit stort og viktig vegprosjekt for Bergensregionen, som vil gi betre framkomelegheit for bilistar, kollektivtrafikk, og for gåande og syklande, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
![Bilete viser samferdselsministaren Jon-Ivar Nygård som blir intervjua på Sotra, i vestlandsk ruskevêr.](/contentassets/41128fb104bd4cd391c5f2c9791643d9/samferdselsminister-2.jpeg?width=768&mode=crop)
Det ljoma godt i store delar av Øygarden i dag då Vegvesenet markerte den offisielle starten på Rv. 555 Sotrasambandet med ei sprengsalve i det som skal bli den nye Kolltveittunnelen.
– Det er alltid ei glede å ønske velkomen til eit «første spadetak». Vestlandet treng gode og effektive vegsystem, og me er fornøgde med at dette komplekse prosjektet som Sotrasambandet er, no offisielt er i gang, understreka Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik i velkomsttalen sin.
Store forventningar i Øygarden kommune
Det er store forventningar til prosjektet og særleg er Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik entusiastisk rundt det potensialet den nye vegen utløyser for kommunen.
– Vi har venta på dette sambandet i mange år. Det har vore førebuande arbeid med Sotrasambandet ei stund, og gravemaskinane er i sving. No gler vi oss stort over at arbeidet med sambandet bokstaveleg talt skyt fart. Realisering av Sotrasambandet er heilt avgjerande for å utvikla vekstkommunen Øygarden, seier ordførar Tom Georg Indrevik som takkar alle som har fått dette på plass.
OPS-selskapet Sotra Link AS er allereie i gang med arbeid fleire stader på strekninga. Utover våren blir det mykje folk i arbeid på anlegget som skal stå ferdig i 2027. I dag vart arbeidet offisielt starta.
![Rv. 555 Sotrasambandet er et komplekst og stort prosjekt. Oversikt over hva som skal bygges.](/contentassets/1faa2243122a4d74bdf0f72fca83b749/sotrasambandet-hva-vi-skal-bygge.jpg?width=768&mode=crop)