Sotrasambandet inviterer til open dag
Onsdag 22. februar inviterer prosjektet deg som er nysgjerrig på kva som skjer no, og framover til open dag.
– Denne dagen tek vi i bruk heile det nye kontorbygget vårt på Straume. Dei som kjem vil få informasjon om varierte tema, sjå digitale modellar og få seg en kopp kaffi og noko å eta, fortel Lene Sælen Rivenes, prosjektleiar for Sotrasambandet i Vegvesenet.
På open dag får du møte fagfolka bak det nye Sotrasambandet, både frå Statens Vegvesen og OPS-selskapet Sotra Link.
Når: Onsdag 22. februar
Tid: 12.00 – 19.00
Sted: Skjenet 2, Straume
Prosjektpresentasjon kvar time
Kvar time vil prosjektleiinga frå dei to organisasjonane halde ein generell presentasjon om prosjektet for dei som er interessert. Første presentasjon startar klokka 13.00.
Vi set opp ulike informasjonsstands på bygget der tema blant anna er: støy, grunnerverv, miljø, ny Sotrabru og sjølvsagt trafikkavvikling.
Sotrasambandet ønsker deg hjarteleg velkomen!