Artikkelen er fra 2008, og innholdet kan være utdatert.

I går og etter ein lang og grundig planprosess var tida inne for at Statens vegvesen kunne leggja fram si tilråding for nytt vegsamband frå Sotra til Bergen, og likeins nye vegløysningar nord og sør på Sotra.

Under presseorienteringa nytta ordføraren i Fjell kommune Lars Lie høve til å skryte av planarbeidet som Statens vegvesen har gjort.
- Dette er eit grundig og seriøst arbeid som er gjort frå Statens vegvesen. No står det att å sjå kva for eit vegalternativ som vert valt og der har vi ikkje god tid, seier ordførar Lars Lie.

Dagens korridor løyser trafikkproblema
Prosjektkoordinator Magnus Natås seier at Statens vegvesen tilrår ei vegløysing for Fastlandssambandet Sotra-Bergen i dagens korridor.
- Vi meinar at val av vegløysing i dagens korridor gir lågast kostnad, best trafikantnytte og best samfunnsnytte. Dette løyser trafikkproblema der etterspurnaden er størst og er såleis i tråd med statlege og fylkeskommunale mål, seier Natås. Statens vegvesen tilrår ei ny fire-feltsbru med gang- og sykkelveg like nord for dagens Sotrabru. Det såkalla alternativ C8/C9. Denne tilrådinga inneber tunnel frå Arefjord til Knarrevik på Sotra, og utviding av dagens rv. 555 Drotningsvik til Storavatnet med nytt kryss og lokalvegsystem i Drotningsvik på Bergenssida.

Kvifor bru framfor tunnel?
Samanlikna med tunnelalternativet meiner Statens vegvesen at bru er betre for kollektivtransporten og for gåande og syklande mellom Litlesotra og Bergen vest.
- Brualternativet vert 1,5 kilometer kortare samanlikna med tunnel. Bru tyder mindre CO2utslepp og er eit betre og meir fleksibelt alternativ i høve til drift og vedlikehald. Ein tunnel får større konsekvensar ved ei stor ulukke knytt til brann eller eksplosjon i tunnel, seier Natås. Han veit at tunnel er betre i høve til inngrep i nærmiljø og elles landskapet.

Vegen vidare
I tida framover er det politikarane i dei berørte kommunane som skal gjere det endelege valet i høve til korleis det framtidige Sotrasambandet skal sjå ut. I august skal planmaterialet knytt til framlegg av kommunedelplan formelt sendast over frå Statens vegvesen for vidare handsaming i kommunane. I september/oktober skal kommunedelplanen ut på offentleg høyring. I denne perioden vil planansvarlege i Statens vegvesen delta på ei rekkje informasjonsmøte for dei berørte i dei aktuelle kommunane. Innspel og merknader som kjem inn under høyringa vert sendt til kommunane i oktober/november. Ein reknar med at endeleg handsaming av saka i kommunane vil gå føre seg i desember.

Sotrahengebru
Aktuelt for fylke(r): Vestland