Artikkelen er fra 2007, og innholdet kan være utdatert.

Varsel om høyring av planprogram og oppstart av arbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing.

Delprosjekt 1: Fastlandssambandet Sotra–Bergen
Delprosjekt 2: Sotra sør, rv. 555 Kolltveit–Austefjorden
Delprosjekt 3: Sotra nord, rv. 561 Kolltveit-Ågotnes

I samsvar med Plan og bygningslova § 9-4, § 20-5 og § 33-2, kommunaldirektørens fullmaktsvedtak av 22.02.07 i Bergen kommune, kommunestyrevedtak av 06.02.07 i Sund kommune og i samråd med Fjell kommune, legg Statens vegvesen Region vest ut framlegg til planprogram for utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for nytt Sotrasamband med delprosjekt som omtalt over.  Samstundes vert det varsla om oppstart av arbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing. Framlegg til planprogram er utarbeid i samsvar med Forskrift om konsekvensutreiing av 01.04.2005.

Tiltakshavar Statens vegvesen Region vest har i samarbeid med kommunane Bergen, Fjell og Sund utarbeidd framlegg til planprogram med tilhøyrande silingsrapport for kvart delprosjekt.

Sakspapira til planprogram vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 12. mars 2007 til 27. april 2007 hos Fjell kommune, Servicetorget, 5353 Straume, i biblioteket på Sartor senter, 5353 Straume, hos Sund kommune, Servicetorget, 5382 Skogsvåg, hos Bergen kommune, Kundesenteret i 1. etg i Allehelgensgate 5 og i resepsjonen hos Statens vegvesen Region vest, Spelhaugen 12, Fyllingsdalen.

Planprogramma med silingsrapporter er og lagt ut her på Statens vegvesen sine internettsider, samt Bergen, Fjell og Sund kommune sine internettsider.

Berørte offentlege styresmakter og interesseorganisasjonar vert tilskreve direkte.

Spørsmål om prosjektet og planprogrammet kan rettast til:

Tiltakshavar Statens vegvesen Region vest  
Sotrasambandet genereltMagnus Natåstlf 55 51 64 11
Delprosjekt 1; Fastlandssambandet Sotra-BergenLilli Mjeldetlf 55 51 64 39
Delprosjekt 2; Sotra sør, Rv 555 Kolltveit-AustefjordenRoald Slettentlf 55 51 64 09
Delprosjekt 3; Sotra nord, Rv 561 Kolltveit-ÅgotnesErik Neergaardtlf 55 51 64 08
Planstyresmakt  
Bergen kommune, byrådsavdeling byutviklingRune Herdleværtlf 55 56 65 37
Fjell kommuneArne Kringlentlf 56 32 64 00
Sund kommuneFrode Glesnestlf 56 32 75 85

Frist for å kome med merknadar til planprogrammet er 27. april 2007.  Vi ber og om innspel til kommunedelplanarbeidet innan same dato.

Merknadar og innspel til planarbeidet må sendast skriftleg til:
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger og merkast Sotrasambandet

Ope informasjonsmøte

I samband med at planprogrammet ligg ute til offentleg høyring, inviterer Statens vegvesen til ope informasjonsmøte på:

Kultursalen Fjell rådhus, Straume tysdag 20. mars 2007 kl 1830-2100
Kultursalen på Vestkantenonsdag 21. mars 2007 kl 1830-2100
Sundhallen, Skogsskiftet onsdag 21. mars 2007 kl 1800-2030
Ågotnes barne og ungdomsskule, Gymsalen torsdag 22. mars 2007 kl 1900-2100

Vi vil gjere merksam på at det i samband med planarbeidet vert utført registreringsarbeid og undersøkingar ute i marka av personell frå Statens vegvesen eller av personell som er engasjert av Statens vegvesen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland