Varsel om høyring av kommunedelplan med konsekvensutgreiing
Delprosjekt 1: Fastlandssambandet Sotra-Bergen Delprosjekt 2: Sotra sør, rv. 555 Kolltveit-Austefjorden Delprosjekt 3: Sotra nord, rv. 561 Kolltveit-Ågotnes
I samsvar med Plan og bygningslova § 20-5 og § 33-2, og i medhald av byrådsvedtak av 08.10.08, sak 1375-08 i Bergen kommune, vedtak i planutvalet av 07.10.08, sak 090/08 i Sund kommune og vedtak i kommunestyret av 25.09.08, sak 95/08, 96/08 og 97/08 i Fjell kommune, legg Statens vegvesen Region vest ut kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Sotrasambandet med delprosjekt som omtalt over. Konsekvensutgreiingane er utarbeidd i samsvar med Forskrift om konsekvensutreiing av 01.04.2005.
Tiltakshavar Statens vegvesen Region vest har i samarbeid med Bergen, Fjell og Sund kommune utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing i samsvar med vedteke planprogram for alle tre delprosjekta.
For delprosjekt 1 Fastlandssambandet Sotra–Bergen vert det også lagt ut ein tilleggsrapport datert 10.10.08 for alternativ kombinasjonsløysing for alt C7 og alt C9 mellom Arefjord og Storavatnet der ny hovudveg kryssar sundet mellom Sotra og Bergen i bru i same trasé som høgspentlinja (alt C7), går i kort tunnel under Janahaugen og har nytt kryss i Drotningsvik. Vidare mot Storavatnet vert ny hovudveg ei utviding av dagens rv 555 (alt C9). Dette er ei løysing som har kome fram i arbeidet med optimalisering av dei ulike traséalternativa og som har så gode funksjonelle løysingar for trafikk- og transportsystem, at Statens vegvesen ønskjer å få det handsama på same nivå som dei andre alternativa. Dette kombinasjonsalternativet får endring i konsekvensene for arealbruk og nærmiljø i samband med kort tunnel under Janahaugen og nytt kryss i Drotningsvik.
Berørte offentlege styresmakter og interesseorganisasjonar vert tilskrivne direkte.
Sakspapira vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 13. oktober 2008 til 26. november 2008 hos Fjell kommune, Servicetorget, i biblioteket på Sartor senter, hos Sund kommune, Servicetorget, hos Bergen kommune, Kundesenteret i 1. etg i Allehelgensgate 5 og i resepsjonen hos Statens vegvesen Region vest, Spelhaugen 12, Fyllingsdalen.
Frist for å komme med merknader til kommunedelplan med konsekvensutgreiing er 26. november 2008.
Merknader til planarbeidet må sendast skriftleg til:
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger
Kommunedelplanar med konsekvensutgreiing for alle delprosjekta, tilhøyrande teikningshefte og fagrapporter for alle tre delprosjekt er lagt ut på Statens vegvesen sine internettsider: Sjå lenker til delprosjekta.
Spørsmål om prosjektet og kommunedelplanene kan rettast til:
Tiltakshavar Statens vegvesen Region vest | ||
Sotrasambandet generelt | Magnus Natås | tlf 55 51 64 11 |
Delprosjekt 1; Fastlandssambandet Sotra-Bergen | Lilli Mjelde | tlf 55 51 64 39 |
Delprosjekt 2; Sotra sør, rv. 555 Kolltveit–Austefjorden | Roald Sletten | tlf 55 51 64 09 |
Delprosjekt 3; Sotra nord, rv. 561 Kolltveit–Ågotnes | Erik Neergaard | tlf 55 51 64 08 |
Planstyresmakt | ||
Bergen kommune, byrådsavd. klima, miljø og byutvikling | Svein Steine | tlf 55 56 65 90 |
Fjell kommune | Alv Terje Fotland | tlf 56 32 64 00 |
Sund kommune | Frode Glesnes | tlf 56 32 75 85 |
Opne informasjonsmøte
I samband med at kommunedelplanene for Sotrasambandet ligg ute til offentlig høyring, inviterer Statens vegvesen til opne informasjonsmøte på:
- Ulveset skole, gymsalentirsdag 28. oktober 2008 kl 1830–2100
- Kultursalen på Vestkantenonsdag 29. oktober 2008 kl 1830–2100
- Kultursalen Fjell rådhus, Straumetirsdag 4. november 2008 kl 1830–2100
- Ågotnes barne og ungdomsskule, gymsalenonsdag 5. november 2008 kl 1830–2100
- Sotra Vidaregåande skule avd. Sundtorsdag 6. november 2008 kl 1830–2100