Fastsett planprogram
Planprogrammet for rv. 555 fastlandssambandet Sotra–Bergen, Kolltveit–Liavatnet er fastsett.
Dette dokumentet er endeleg planprogram for planarbeid med konsekvensutgreiing og kommunedelplan for nytt vegsamband mellom Sotra og Bergen på strekninga Kolltveit–Liavatnet. Det viktigaste med planprogrammet er å slå fast kva for alternativ som skal utgreiast og kva for konsekvensar som skal utgreiast i det vidare planarbeidet.