Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.
Du kan køyre lastebil med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg. Han kan maks vere godkjend for 8 passasjerar.
Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg.
Førarkort for klasse CE gjeld òg for lett lastebil med tilhengjar. På førarkortet er dette markert som klasse C1E.
Du kan køyre ein personbil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt mellom 750 kg og 3 500 kg. Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar. På førarkortet er dette markert som klasse BE.
Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. På førarkortet er dette markert som kode 142.
Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.
Du kan køyre motorreiskap med eller utan tilhengjar.
Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.
Motorreiskap i arbeidssamanheng
Skal du køyre motorreiskap i arbeidssamanheng eller i samband med næring, kan det stillast særlege krav til opplæring og prøve.
Arbeidstilsynet kan svare på kva for nokre konkrete krav som blir stilte til dei ulike motorreiskapane.