Når du må ta teoriprøve eller køyre opp for å få tilbake førarkortet ditt, må du søkje om tilbakelevering på Di side.

Søk om tilbakelevering

Når kan du søkje?

Du kan søkje om å få tilbake førarkortet ditt når inndragingstida går ut eller nærmar seg slutten. Sjå under Ditt førarkort på Di side om du kan søkje no.

Dersom du ikkje har ein dato for når inndragingstida går ut

Dersom du ikkje har ein sluttdato, må du først søkje politiet om å få tilbake førarretten. Når dei har godkjent det, kan du søkje om å få tilbake førarkortet hos oss.

Du får stadfesting på søknaden i den digitale postkassa di

Når du har søkt, får du informasjon om prøva og tilbakeleveringa i den digitale postkassa di. Dersom du ikkje har digital postkasse, sender vi det til adressa di i folkeregisteret.

Dersom du leverer søknaden på ein trafikkstasjon, kan du òg be om å få denne informasjonen der.

Søknaden blir send til vandelskontroll

Vi sender søknaden din til vandelskontroll hos politiet. Dette tar vanlegvis to til fire veker, men det kan ta lengre tid.

Du kan sjå om vandelen din er godkjent, på Di side under status for dine søknader.

Kva gjer du dersom vandelen din ikkje blir godkjent?

Om du meiner at ny informasjon kan ha verdi for vandelen din, kan vi bestille ein ny vandelskontroll. I dette tilfellet må du kontakte oss.

Dersom du skal køyre opp

Du kan først køyre opp når inndragingstida er gått ut. Du kan enten gi trafikkskulen fullmakt til å bestilla time til oppkøyring for deg eller bestilla timen sjølv.

Du kan køyre opp når

  • politiet har godkjent vandelen din
  • vi har registrert ein eventuell helseattest
  • du har bestått ei eventuell teoriprøve

Merk: Dersom du både skal køyre opp og ta teoriprøve, kan du ta teoriprøva så snart vi har registrert søknaden din.

Dersom du køyrer opp med automatgir

Dersom førarkortet ditt gjeld for manuelt gir, vil det framleis gjelde for manuelt gir sjølv om du køyrer opp med automatgir.

Dersom du køyrer opp med manuelt gir

Dersom førarkortet ditt er avgrensa til automatgir med kode 78, kjem det til å gjelde for både manuelt og automatisk gir dersom du køyrer opp med manuelt gir. Koden blir då fjerna.

Dersom du berre skal ta teoriprøve

Du kan ta teoriprøva når

  • politiet har godkjent vandelen din
  • inndragingstida har gått ut
  • vi har registrert ein eventuell helseattest

Kva for ein klasse skal du ta prøve i?

For å få tilbake alle klassane i førarkortet ditt, må du avleggje prøve i den høgaste klassen.

Om du har to likestilte klassar, som C1 og D1, treng du berre å avleggje prøve i den eine klassen. Når du har bestått prøva, får du tilbake begge klassane.

Eksempel: Du har klassane AM, B, C1, D1 og C.

  • Dersom du avlegg prøve i klasse C får du alle klassane tilbake.
  • Dersom du avlegg prøve i klasse C1, får du tilbake klasse AM, B, C1 og D1, men ikkje klasse C.

Rekkefølgjen på klassane

Klassane blir rangerte slik, frå lågast til høgast:

AM/S, T, A1, A2, A, B, BE, C1/D1, C1E/D1E, C, D, DE, CE.

Likestilte klassar: AM og S, C1 og D1, C1E og D1E

Skal du levere helseattest fordi tunge klassar har gått ut på dato?

Når du skal søkje om tilbakelevering av tunge klassar som har gått ut på dato, sender du helseattesten til den lokale trafikkstasjonen din. Du kan òg levere han sjølv på trafikkstasjonen.

Bestill time om du vil levere helseattesten sjølv, så slepp du å vente på trafikkstasjonen.

Vi må ha originalversjonen av attesten din. Han kan ikkje vere eldre enn tre månader når vi mottar han.

Søke om tilbakelevering på papir

Du kan òg bruke eit søknadsskjema på papir. Det kan du sende i posten til den lokale trafikkstasjonen din eller levere sjølv. 

Bestill time om du vil levere søknaden sjølv, så slepp du å vente på trafikkstasjonen.