Løyveeksamen for drosje
Du må bestå ein teoretisk løyveeksamen for drosje, før du kan søkje om drosjeløyve.
Slik går løyveeksamen føre seg
Løyveeksamen for drosje tar du på ein trafikkstasjon.
Eksamenen tar du på ein pc, og han består av 35 fleirvalsopppgåver. Du må svare riktig på minst 30 av oppgåvene for å bestå.
Du kan bruke inntil 60 minutt på prøva.
Språk
Du må ta eksamenen på norsk, og du kan ikkje bruke tolk.
Du kan få oppgåvene og svaralternativa lesne høgt på norsk. Då må du be om å få utlevert hodetelefonar, og du må velje norsk bokmål som språk.
Når får du resultatet?
Du får resultatet vist på skjermen med ein gong du har levert. Du kan også be prøveleiaren om å få ei utskrift av resultatet. Utskrifta viser kva tema og oppgåver du svarte riktig og feil på.
Om du ikkje består eksamen, kan utskrifta vere nyttig når du skal førebu deg på å ta eksamen på nytt.
Slik førebur du deg til eksamen
Det er ikkje obligatorisk opplæring til løyveeksamen for drosje.
Du må tileigne deg den nødvendige kunnskapen for å gjennomføre og bestå eksamen på eiga hand. Førebu deg til dømes slik:
- Sett deg inn i regelverk som er relevant for drosjeløyve.
- Les meir om krav til drosjeløyve (Altinn).
- Ta kurs hos kurstilbydarar som tilbyr opplæring for løyve.
- Sjå gjennom temaliste til løyveeksamen for drosje (PDF)
Du søkjer om løyve hos fylkeskommunen via Altinn
Når du har bestått løyveeksamen, kan du søkje om drosjeløyve i fylkeskommunen din via Altinn.