Omregistreringsavgift
Når salsmeldinga er godkjend, må du betale ei omregistreringsavgift før du kan bruke køyretøyet.
Før du betaler omregistreringsavgifta, må dette vere i orden:
- Køyretøyet må vere forsikra. Har du ikkje forsikring, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra. Hugs at forsikringa må meldast inn i hovudeigar sitt namn.
- Køyretøyet må ha godkjent EU-kontroll.
Det er berre kjøpar som kan betale omregistreringsavgift til Skatteetaten via Di side. Dersom det er avtalt at seljar skal betale avgifta kan det ikkje gjerast på Di side.
Kva må du betale i omregistreringsavgift?
Kor mykje du må betale, avheng av type, vekt og alder på køyretøyet. Du kan i enkelte tilfelle få fritak for betaling av omregistreringsavgifta. Dei fleste fritak får du automatisk i tenestene våre. Omregistreringsavgifta får nye satsar frå og med 1. januar kvart år.
Du kan finne kva omregistrering kostar på Skatteetaten sine sider. Der kan du også kontakte Skatteetaten dersom du har spørsmål om betalinga.
Les meir om omregistrering hos Skatteetaten.no
Fritak frå omregistreringsavgifta
Ektefellar treng ikkje betale omregistreringsavgift. Dette gjeld også om de er separerte eller skilte. Er skilsmissa gjennomført, må de søkje om fritak hos Skatteetaten, før de sender inn salsmelding. Deretter blir fritaket automatisk lagt inn når de sender inn salsmeldinga.
Sambuarar får ikkje fritak frå omregistreringsavgifta.
Arv mellom foreldre og barn i samband med dødsfall, er også fritatt frå omregistreringsavgifta. Overføring til barn eller andre i familien er derimot ikkje fritatt (til dømes ved forskot på arv).