Skal du selje, kjøpe eller overføre eigarskapet av eit køyretøy må du først sende inn ei salsmelding.

Send inn salsmelding Logg inn

Du kan raskt og enkelt levere salsmelding på nett. Både kjøpar og seljar kan sende inn salsmelding, og vi rår dykk til å gjere det saman.

Før du sender inn 

Før du loggar inn treng du kjøparen og eventuell medegar sitt

  • namn
  • fødselsnummer/D-nummer og
  • mobilnummer

Skal du selje til bedrift, treng du organisasjonsnummeret til bedrifta.

Vi anbefaler at de skriv ein kjøpskontrakt (Forbrukarrådet). Har du personleg skilt, må du hugse å fjerne knytinga til det personlege bilskiltet før du sel køyretøyet ditt. Før de går i gang med salsmeldinga, sjekk fleire av våre tips ved kjøp og sal av bil.

Slik gjer du det

  1. Start med å sjekke kvarandre sin legitimasjon.
  2. Logg inn på Di side og send salsmelding til kjøparen.
  3. Kjøparen mottar ein SMS, og godkjenner salsmeldinga på nett.
  4. Når kjøparen har godkjent mottar du ein SMS om at eigarskiftet er fullført og at salsmeldinga er registrert i systema våre.

Eig du bilen saman med nokon, må medeigaren også godkjenne salsmeldinga. Dersom kjøparen og eventuell medeigar ikkje godkjenner salsmeldinga, vil du framleis stå ansvarleg for køyretøyet. 

Før du gir frå deg køyretøyet må du hugse å fjerne AutoPass-brikka, og køyretøyet frå AutoPass-avtalen. Forsikringa di vil bli avslutta automatisk dagen før vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er dagen salsmeldinga blir godkjent av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Du er ansvarleg for at køyretøyet er forsikra til og med dagen før vedtaksdatoen.