Bestill vognkort
Har du mista eller øydelagt vognkortet til køyretøyet ditt? Bestill nytt og last ned mellombels vognkort på Di side.
Både privatpersonar og bedrifter kan bruke tenesta. Du må vere registrert som eigar eller medeigar til køyretøyet for å bestille vognkort.
Når du har bestilt nytt vognkort kan du laste ned og skrive ut eit mellombels vognkort. Du må ha med deg det mellombelse vognkortet i køyretøyet, fram til du har fått nytt vognkort.
Vi sender det nye vognkortet til deg i posten. Det tek 4–7 vyrkedagar. Når du har fått det nye vognkortet må eventuelle delar av gammalt vognkort makulerast.
Har du ikkje høve til å bestille vognkort elektronisk, kan du gjere det ved å møte opp på ein trafikkstasjon og legitimeradeg.
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Ved sal og omregistrering
Dersom du leverte salsmelding for køyretøyet 29. april 2019 eller seinare er det ikkje krav om å levere vognkort del 2 når køyretøyet skal registrerast på ny eigar.
Dersom du leverte salsmelding for køyretøyet før 29. april 2019, må vognkort del 2 levrars inn når køyretøyet skal registrerast på ny eigar.
Om vognkortet er mista må du melde det tapt før køyretøyet kan registrerast på ny eigar. Du melder det tapt ved å ved å fylle ut ei tapsmelding.
Tapsmeldinga blir send til oss saman med kopi av legitimasjon via kontaktskjema, per post eller ved å levere den på ein trafikkstasjon.
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.