Tips oss om useriøse og kriminelle handlingar innanfor anlegg, drift og vedlikehald, transport og trafikant- og køyretøyområdet.

Døme på useriøse og kriminelle handlingar kan vere å drive ulovlege verkstader eller trafikkskular, juks ved teoriprøver, brot på køyre- og kviletid og brot gjorde av entreprenørar og leverandørar innanfor anleggs-, drifts- og vedlikehaldskontraktar.

Du kan gi oss tips ved å

Hugs at e-post i utgangspunktet er ukryptert. Dersom tipset ditt inneheld fødselsnummer, personopplysningar om mange personar, teiepliktig informasjon, sensitive personopplysningar eller liknande, tilrår vi at du krypterer e-posten.

Behandling av tips i E-reg

Relevante tips blir behandla i Statens vegvesens etterretningsregister, E-reg. Du får ei stadfesting på at vi har tatt imot tipset. Alle tips blir vurderte med tanke på vidare oppfølging. Dersom vi ikkje kan følgje opp tipset med ein gong, blir informasjonen registrert i systema våre og kan bli følgd opp på eit seinare tidspunkt.

Gjeld tipset ansvarsområde som høyrer til andre myndigheiter, vurderer vi informasjonen og vidaresender han eventuelt til rett myndigheit.

Anonymitet

Du kan sjølv velje om du vil sende inn tips anonymt eller under fullt namn. Ønskjer du å varsle anonymt, tilrår vi at du bruker varslingskanalen.

Har du først oppgitt namnet ditt, kan vi ikkje love deg anonymitet på eit seinare tidspunkt. Det finst likevel reglar om teieplikt som vil verne om identiteten din dersom det er behov for det.

Offentlegheit og innsyn

Statens vegvesen behandlar tips i samsvar med lover og reglar for offentleg saksbehandling. Dette betyr blant anna at vi journal- og arkivfører tips i tråd med arkivlova.

Opplysningar i tipssaker er underlagde offentleglova (Lovdata). Det betyr at opplysningane er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Teiepliktige opplysningar er unntatt frå innsyn. Tips, melding eller liknande informasjon om lovbrot frå private vil ofte vere unntatt frå innsyn etter andre unntaksreglar.

E-reg og personopplysningar

Relevante tips blir behandla i Statens vegvesen sitt etterretningsregister, E-reg. Tips kan innehalde personopplysningar. Sjå overordna informasjon om korleis Statens vegvesen behandlar personopplysningane dine, i personvernerklæringa.

E-reg er utvikla med innebygd personvern (Privacy by Design) og har ein automatisk slettefrist på maksimalt 5 år. Vi lagrar berre relevant informasjon, og personopplysningar som ikkje lenger er nødvendige, blir sletta gjennom fortløpande kvalitetskontroll.

Varsel

Informasjon om kritikkverdige forhold i eiga verksemd eller internt i Statens vegvesen etter arbeidsmiljølova kap. 2 A skal sendast Internrevisjonen via varslingskanalen vår.

Se også