Klage på vedtak
Du kan klage på vedtak frå Statens vegvesen dersom du meiner at eit vedtak ikkje er riktig.
Du sender klagen til oss. Vi vurderer klagen din, og dersom vi ikkje er einige sender vi han vidare til Vegdirektoratet, som vurderer saka på nytt.
Det er Vegdirektoratet som er klageinstans for dei fleste vedtak som blir gjort av Statens vegvesen. Dersom Vegdirektoratet ikkje er klageinstans for saka di, står dette i vedtaket.
Slik klagar du
Du kan sende klagen på e-post til eller med post til:
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer
Merk klagen med saksnummeret som du finn øvst på vedtaksbrevet.
I klagen bør du skrive
- kvifor du meiner at vedtaket er feil
- kva du meiner at vedtaket skal endrast til
- eventuelle andre opplysningar som vi kan trenge for å behandle klagen
Klagefrist
Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket.
I enkelte tilfelle kan vi behandle klagen sjølv om klagefristen har gått ut. Dette kan vere aktuelt dersom du ikkje kan lastast for å ha klaga etter fristen, eller dersom det er en spesiell grunn til at klagen burde behandlast.
Du kan sjå dokumenta i saka
Dersom du er part i saka, har du som hovudregel rett til å sjå dokumenta som høyrer til saka.
Ønskjer du å sjå dokumenta, kan du kontakte oss på e-post eller brev. Sjå adresse over.
Du kan utsetje å gjennomføre vedtaket
Vanlegvis kan vi gjennomføre eit vedtak med ein gong. Du kan søkje om å få utsett gjennomføringa av vedtaket til klagefristen er ute eller til klagen er avgjort.
Du kan få dekt kostnadene ved klagesaka
Du kan søkje om å få dekt utgifter til nødvendig advokathjelp etter reglane om fri rettshjelp. Det er vanlegvis nokre inntekts- og formuesgrenser for å få desse utgiftene dekte. Du kan finne meir informasjon om dette på Statsforvaltaren sine nettsider eller ved å kontakte ein advokat.
Dersom vedtaket blir endra til din fordel, kan du søkje Statens vegvesen om å få dekt vesentlege kostnader du har hatt for å få endra vedtaket.
Reglane om klagerett står i forvaltningslova
- Reglane om klagerett finn du i forvaltningslova kapittel VI.
- Retten til å sjå dokumenta i saka står i forvaltningslova §§ 18 til 21.
- Det står om moglegheita for å få dekt sakskostnader i forvaltningslova § 36.