Svindel på SMS og e-post
Har du motteke ein tvilsam SMS eller e-post frå oss? Her finn du informasjon om nettsvindel.
Ei av dei vanlegaste formene for nettsvindel er phishing. Dette er ein type bedrageri der svindlarar sender falske e-postar eller SMS-ar (også kalla SMiShing) for å lure folk til å gi opplysningar eller betale pengar til dei.
Ikkje la deg lure
Namnet til Statens vegvesen blir i aukande grad misbrukt ved at det står som avsendar av SMS-ar og e-postar i svindelforsøk. Her kan du sjå nokre døme.
Phishing – e-postsvindel
I eit svindelforsøk får du ein e-post som ser ut til å vere send frå Vegvesenet.
Dette er nokon e-postar som er sende ut i oktober:
E-postane oppfordrar deg vidare til å finne meir detaljert informasjon og eventuelle oppdateringar av saka ved å følge ei lenke som skal lokke deg inn på ei falsk nettside.
SMiShing – SMS-svindel
Eit vanleg svindelforsøk der avsendaren gir seg ut for å vere Statens vegvesen, er ein SMS som blir send til personar som akkurat har selt bilen sin. To av SMS-ane på bileta viser denne typen svindel.
I SMS-en i dei to første døma står det «Salgsmeldingen for [kjøretøy/bobil] reg.nr [registreringsnummer] er ikke godkjent. Godkjenne nå:» etterfølgt av ei lenke til ei falsk nettside. Nettsida minner om nettsidene våre og skal lokke mottakaren til å gi frå seg til dømes BankID.
I det siste dømet står det «Du har mottatt en ny melding fra Statens vegvesen i Altinn. Logg inn på:» etterfølgt av ei lenke til ei falsk nettside.
Kva kan du gjere for å unngå å bli lurt?
Vi gjer kva vi kan for å stanse svindlarar, men det er dessverre vanskeleg å gjere noko med at nokon gir seg ut for å vere oss. Derfor er det viktig at du er forsiktig når du får vedlegg eller lenker frå andre.
Du finn omfattande informasjon om kva du skal sjå etter, og kva du sjølv kan gjere for å unngå å bli svindla, på nettvett.no og på Politiet sine nettsider.
Nettvett.no
På nettvett.no finn du oppdaterte rettleiingar og utfyllande informasjon om nettsvindel og sikkerheit på nett. Sidene er eit samarbeid mellom Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).
Nettsvindel (politiet.no)
Har du først blitt svindla, er det viktig at du melder det til politiet så fort som mogleg. Dette kan du gjere frå sida deira om nettsvindel. Her finn du også meir generell informasjon om nettsvindel og korleis politiet jobbar mot det.