Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Dette skiltet er mellom dei som skal skiftast ut på E16 mellom Arna og Voss før vinteren.

Tilbodet for å skifta ut dårlege, skadde og slitne skilt er no opna. To firma vil ha jobben, og summane er eksklusive mva.

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
Sogn vegteneste AS         1.291.925,00
Bergs Maskin AS 1.443.404,00

– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Skiltfornyinga skal vera ferdig innan utgangen av oktober.

Skilt på E16 Indre Arna
Dette skiltet på E16 i Indre Arna, ved Arnanipatunnelen, skal erstattast med eit tilsvarande nytt. I tillegg til at skiltet er slite, har fylkesveg 580 skifta vegnummer til 587, og fylkesveg 7 er vorte fylkesveg 49. Foto: Lars Olve Hesjedal

Dette er skiltkrava

Alle vegskilt må med jamne mellomrom skiftast ut for å oppfylla dei visuelle krava til synlegheit og refleks. Dette er viktig for trafikktryggleiken og framkommelegheita til dei reisande.

Det kan og vera behov for å flytta eit skilt, eller at vi må oppdatera vegnummer og andre opplysningar.

Statens vegvesen sitt strenge inspeksjons- og vedlikehaldsregime syter for at vi til ei kvar tid har oversikt over skiltstandarden og -tilhøva langs våre vegar.

Dagjobb – i hovudsak

Strekninga som no får nye skilt, er om lag 75 kilometer lang og går frå Arnanipatunnelen til Vangstunnelen.

Når det gjeld  trafikkavviklinga i samband med skiltfornyinga, står entreprenøren fritt til sjølv å avgjera kor lange strekningar ein tek om gongen.

Entreprenøren vel også om det skal nyttast lys, trafikkdirigent eller begge delar for å styra trafikken medan dei gamle skilta vert skifta ut.

– Men sjølvsagt må arbeidet nøye planleggast ut frå det komplekse trafikkbildet på og langs E16. Entreprenøren planlegg dette i samråd med Statens vegvesen, som er skiltmyndigheit og godkjenner arbeidsvarslingsplanen, presiserer Hovland.

Sidan jobben ikkje skal gjerast i lange tunnelar, føreset Statens vegvesen at jobben i hovudsak vert gjort på dagtid.

Kontaktinfo:

Sveinung Hovland, telefon 97517080, epost: 

Dette skiltet på E16 i Indre Arna, ved Arnanipatunnelen, skal erstattast med eit tilsvarande nytt. I tillegg til at skiltet er slite, har fylkesveg 580 skifta vegnummer til 587, og fylkesveg 7 er vorte fylkesveg 49.
Gamle skilt kan innehalda opplysningar som no er feil, som her merkt med kryss. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland