Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

Måndag 18. september inviterte Statens vegvesen til informasjonsmøte om trafikktryggingstiltak langs fylkesveg 661 frå Vik til Leirvikbukta.

Fleire møtte opp for å høyre meir om forslaget til reguleringsplanen som er lagt ut til offentleg høyring.

Her finn du reguleringsplanen . Presentasjonane frå møtet finn du nedst i artikkelen.

Saman med Vestnes kommune har Statens vegvesen utarbeidt eit forslag til reguleringsplan. Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne gjere tiltak for å betre trafikktryggleika langs fylkesveg 661 som sannsynlegvis vil fungere som midlertidig E39/E136 når fjordkryssinga E39 Vik–Julbøen står ferdig.

Fristen for å komme med innspel er onsdag 25. oktober. Innspela kan sendast til Statens vegvesen Region midt, postboks 2525, 6404 Molde eller

Eventuelle spørsmål kan rettast til Harald I. Johnsen på e-post eller mobil 915 12 885 eller Asta Krattebøl på e-post eller mobil 930 24 551

Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal