Ny E39 blir planlagt med fire felt med midtdelar, og blir ein sikrare veg for alle.

Når strekninga frå Stavanger til Bergen er ferdig utbygd, vil køyretida mellom byane bli redusert frå dagens 4,5 timar til rundt to timar. På strekninga mellom Arsvågen i Bokn og tunnelopninga for Bømlafjordtunnelen i Sveio kommune vil køyretida bli 30 minutt kortare samanlikna med i dag. Dette gir innbyggarane i området fleire moglegheiter til val av bustad og arbeidsplass. Regionen får òg heilt andre konkurransevilkår når turen Stavanger – Bergen tek to timar.


Samfunnsmålet for E39 Bokn–Bømlafjorden er at Haugalandet og Sunnhordland i 2040 skal vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger- og Bergensområdet skal vere tidsmessig knytt nærare saman.

Siste nytt:

26.06.24 Planprogrammet for E39 Bokn – Bømlafjorden er fastsett | Statens vegvesen

26.10.23 Statens vegvesen kunngjer høyring av forslag til
planprogram for E39 Bokn–Bømlafjorden

05.06.2023 Avgjersle om kommunal planhandsaming for E39 Bokn – Bømlafjorden

Sjekk ut Informasjonsportalen for E39 Bokn–Bømlafjorden

Sist oppdatert: