E39 Bokn-Hope: Startar jordsmonnkartlegging på strekninga
Statens vegvesen førebur arbeidet med kommunedelplan og Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) er vil utføre jordsmonnkartlegging vinter/vår 2021-2022.
I samband med arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutredning for vegstrekninga E39 Bokn-Hope vert det sett i verk jordsmonnkartlegging av jordbruksareal som grunnlag for reguleringsplanarbeidet. Arbeidet vil gjerast hausten 2021 og fram til våren 2022.
– Arbeidet inneber at nokre få personar frå NIBIO og Vegvesenet vil ferdast i området, og det skal takast omsyn til jordbruksdrifta, fortel Henry Damman, planleggingsleier i prosjektet.
Avgrensa område som skal kartleggast
Registreringane vil skje på jordbruksareal i Bokn, Tysvær , og Sveio kommune innanfor eit avgrensa område vist på kartet.
I fylka Vestland og Nord Rogaland er svært lite av jordbruksareala jordsmonnkartlagt. Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) føretek difor jordsmonnkartlegging for utalte jordbruksareal i Bokn, Tysvær og i Sveio kommune i samband med førebuingane til planarbeidet.