Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen har no sendt til Doffin-basen oppdraga med dei to store hovudkontraktane for bygging av E39 Svegatjørn–Rådal mellom Bergen og Os.

Dermed får entreprenørane betre tid på å rekna på dei to store oppdraga enn ved utlysing midt i januar, som varsla for ein månad sidan.

Ulike fristar

– Vi har jobba hardt for å få klart konkurransegrunnlaget på dei to entreprisane, etter at Stortinget gjorde sitt gjennomføringsvedtak 18.november. Vi er godt nøgde med at vi no kan leggje desse to oppdraga ut i Doffin-basen før jul, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Dei to kontraktane er K10 Svegatjørn-Fanavegen og K11 Rådal-Nordås-Flyplassvegen. Fristen for levering av tilbod til Rådals-delen er 21.april, medan entreprenørane får to veker ekstra før dei må levere tilboda på den sørlegaste delen av strekninga, mellom Svegatjørn i Os og Fanavegen i Bergen. Her blir fristen 5.mai. Dermed er prisane for K11 kjent før entreprenørane eventuelt legg siste hand på tilboda på K10.

Byggjestart til hausten

– Målet vidare er at kontraktar for dei to entreprisane skal vere klare for signering i månadsskiftet juni/juli, med start på anleggsarbeidet på K11 i september og K10 i oktober 2015, opplyser prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Prosjektleiaren ved pc-skjermen
Assisterande prosjektleiar Arne Eltvik i Statens vegvesen trykker «send» på utlysinga til Doffin for den største vegentreprisen på Vestlandet, E39 Svegatjørn-Fanavegen. Bak t.h. prosjektleiar Sverre Ottesen. Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke: Vestland