Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

– Vi nærmar oss slutten av utgreiinga, og ser at vi kjem litt nærare å kunne peike på alternativa som kjem best ut, seier prosjektleiar Morten Ask.

– Vi nærmar oss slutten av utgreiinga, og ser at vi kjem litt nærare å kunne peike på alternativa som kjem best ut, seier prosjektleiar Morten Ask.
26. januar møttest referansegruppa i konseptvalutgreiinga for E134 arm til Bergen ein siste. No skal prosjektgruppa drøfte vidare, konkludere og informere leiinga i Statens vegvesen om fordelane og ulempene ved dei ulike konsepta. Samfunnsnytten veg tungt, det same gjer å nå dei effektmåla som er definerte for prosjektet. Vidare er sjølvsagt økonomi ein viktig faktor.

Portrett av prosjektleder Morten Ask
Prosjektleiar for KVU E134 arm til Bergen, Morten Ask. Foto: Ingvild Amble

Konsekvensar med og utan økonomisk verdivurdering

Ein kan setje ein pengeverdi på mange verknader og effektar av eit vegprosjekt, som reisetid, reiselengde og byggjekostnadar. Andre kostnadar er vanskelegare å setje ein økonomisk verdi på. Alle sider ved dette prosjektet er analysert. Morten Ask løftar fram det grundige arbeidet som er gjort med å synleggjere dei «ikkje-prissette» verknadene på miljø, klima, natur, landskap, arealbruk og kulturminne.
– No jobbar vi med å gjere ferdig ein oppsummering av dei regionale verknadene og ein delrapport på klima, før vi kan drøfte alle faktorane og kome fram til ein tilråding.

Bilde fra salen, med referansegruppedeltakere.
Referansegruppa er engasjert i E 134 arm til Bergen, og deltakarane har ulike interesse de ønskjer at prosjektet skal ta omsyn til. Foto: Ingvild Amble

Fleksibilitet kan vere avgjerande

– Vi ser at nokre av konsepta er betre egna til å byggje ut trinnvis enn andre. Nokon gjev og betre moglegheiter for å bruke eksisterande veg. Slike omsyn må vi ta når vi drøftar og vurderer, seier Ask.
I referansegruppa er det enno noko usemje om kva konsept som vil vere det beste – som vil famne flest og gje best effekt for reisevegen mellom aust og vest. Statens vegvesen har greidd ut seks moglege konsept, og kvart av desse har sine tilhengjarar.
– Det er sterke interesser i dei geografiske områda vi ser på, seier Ask, og legg til at han har stor forståing for dei fleste argumenta. Denne vegen har stor innverknad og på områda rundt – sør, aust og nord for den traseen vi vel, avhengig av om vi går nordover, sørover eller rett vestover.
– Hovudoppdraget vårt er å vurdere effekten det nye vegsambandet vil ha for dei lange reisene – altså for sambandet mellom Austlandet og Vestlandet. Men vi analyserer også dei regionale og lokale verknadene, som vi veit har noko å seie særleg for næringslivet i dei ulike regionane.

En gruppe møtedeltakere i samtale
Deltakarane fortsette med gemyttlege meiningsutvekslingar i pausane under møtet i Bergen. Foto: Ingvild Amble

Last ned presentasjonane:

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland, Viken