Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Over 50 entreprenørar frå Noreg, Tyskland, Spania og Austerike var med på to samlingar for vegprosjektet E39 Svegatjørn – Rådal i Bergen og Os denne veka.

- Vi er svært nøgde med oppslutninga frå bransjen, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen. Det er mange som har henta ut konkurransegrunnlaget sidan vi la dette ut før jul.

Største i landet?

Den største av dei to entreprisane er den såkalla K10-kontrakten, mellom Svegatjørn i Os og Fanavegen i Bergen. Dette blir kanhende største vegkontrakten i landet så langt, seier Ottesen. Han viser til at Statens vegvesen her har gitt rikeleg tid til å rekne fram tilbod, med leveringsfrist til 5.mai. Entreprise K11 gjeld det omfattande tunnelanlegget i området Rådal-Nordås-Fanavegen, med innlevering 21.april.

Miljø og trafikk

Storleiken og kompleksiteten i prosjektet gjer at byggherre og entreprenørane må få på plass tilstrekkeleg med mannskap og kompetanse. Statens vegvesen legg stor vekt på HMS-omsyna i prosjektet. Ikkje minst er det viktig å halde grensene for anleggsdrift mot eit sårbart miljø fleire plassar, både i Os og Bergen. Samstundes er det tett med naboar kring byggjeplassane, særleg i Bergen. Dessutan vil anlegsarbeidet påverka trafikken på eksisterande vegnett.

Aktuelt for fylke: Vestland