Rv. 5 Nedre Eri - kryss Sjukehusvegen
For å betre framkoma og trafikksikkerheita på strekninga vil prosjektet utbetre krysset til Sjukehusvegen med venstresvingefelt og breiddeutvide vegen.
Oppstart av planprosess sommar 2024.
Prosjektet sitt hovudmål er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Det skal planleggast for venstresvingefelt i avkøyringa til Sjukehusvegen og vegen vidare austover mot nedre Eri skal utvidast i breidda, slik at det kan etablerast forstreka midtoppmerking. Forsterka midtoppmerking har vist seg å vera eit effektivt og rimeleg tiltak mot møteulykker. Prosjektet vil også planlegge for utbetring av sideareal, kollektivpunkta og avkøyringstilhøve.
Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve Forskrift om konsekvensutredninger (Lovdata).
- Vei:
- Rv. 5
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Lærdal
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 2000 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Ikke omtalt
- Oppstart:
- Høst 2026
- Antatt åpnet:
- Høst 2028