Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Som første del av arbeidet med tilleggsutgreiinga arrangerte Statens vegvesen ein idéverkstad på Vestnes fjordhotell 1. og 2. september.

Verkstaden samla representantar for Skodje, Ørskog og Vestnes kommunar, fylkeskommunen, fylkesmannen, idrettslag, bondelag og næringsliv. Formålet med verkstaden var å utvide kunnskapsgrunnlaget for ulike tema, og få idéar til moglege traséar og løysingar.

Presentasjonane frå verkstaden, referat m.m. og ein del av materialtilfanget ligg som vedlegg. Ikkje alt materialet frå idéverkstaden eignar seg for samanstilling og presentasjon på nettsidene for prosjektet. Det vil likevel vere ein del av grunnlaget for arbeidet med tilleggsutgreiinga.

Alle idéskissene er no gjennomgått og sortert, og vi er i gong med å teikne opp ulike variantar. Dei utteikna linjene vil gi eit betre bilde av stigning, kurvatur og kryss- og tunnelløysingar, og vil danne grunnlag for å sile ut gjennomførbare alternativ som kan inngå i tilleggsutgreiinga.

Ideverkstad Digernes-Vik
Frå idéverkstaden på Vestnes 1. og 2. september 2015. Foto: Bjarne Otnes
Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal